På Kronstad DPS fekk ministeren høyre om behandling av Obsessive Compulsive Disorder (OCD) som er ei liding med tvangstankar og tvangshandlingar.

For berre nokre år sidan var der ikkje noko behandlingstilbod til denne pasientgruppa, men etter at OCD-teamet blei etablert i Bergen i 2011, er det no 30 slike behandlingsteam rundt om i landet.

Høie var sjølv med å påverke at det blei starta eit slikt behandlingstilbod, og OCD- teamet i Bergen har vore heilt sentralt i etablering av eit nasjonalt behandlingstilbod til desse pasientane.

På Kronstad fekk Høie møte tilsette i OCD-teamet og pasientar som har fått behandling og som no er blitt friske.

- Det har vore spennande å høyre om dette, og kjekt å følgje arbeidet som er gjort. Og det blir spennande å følgje arbeidet vidare, sa ministeren før han takka pasientar og pårørande som hadde stilt opp for å dele erfaringane sine.

Mer om dette:

Helseministeren besøkte OCD-team